|
|
Chelsea til finale i klubb-VM – João Pedro senka gamleklubben med perlescoringar Nysigneringa João Pedro scora båe mål då Chelsea slo Fluminense 2–0 og tok seg til finalen i klubb-VM i USA.
Pedro fekk tysdag sin fyrste kamp for Chelsea etter overgangen frå Brighton, og brasilianaren brukte berre 17 minutt på å sende London-klubben i leiinga.
23-åringen spelte ungdomsfotball i Fluminense før han i 2020 blei seld vidare til Watford, og han ville difor ikkje feire scoringa.
Etter ein snau time la same mann på til 2–0.
Meisterligavinnar Paris Saint-Germain møter Real Madrid i den andre semifinalen på onsdag.
Finalekampen blir spelt på sundag.
(NTB) |
Publisert: 21:05 08-07-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 08-07-2025 klokken 23:52. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/chelsea-til-finale-i-klubb-vm-_-joao-pedro-senka-gamleklubben-med-perlescoringar-1.17485644 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|