|
|
United herja med Wolverhampton - med i kampen om Europa-plassane Manchester United fekk ein etterlengta opptur med 4-1-triumfen borte mot botnlaget Wolverhampton.
Dermed rykker klubben opp på ein sjetteplass på tabellen i Premier League med 25 poeng.
Både David Møller Wolfe og Jørgen Strand Larsen starta kampen for Wolves.
Etter 25 minutt tok kaptein Bruno Fernandes ansvar. Den tidlegare Wolves-helten Matheus Cunha var nest sist på ballen etter rot i Wolves-forsvaret.
Og Fernandes fekk kjempa og krangla ballen over målstreken til 0-1.
Like før pause fekk Wolves-fansen endeleg noko å juble for. David Møller Wolfe si pasning inne i 16-meteren blei ekspedert i mål av Jean-Ricner Bellegarde.
Men i andre omgang køyrte United over heimelaget,
Sju minutt ut i omgangen var det nok ein gang vidope i Wolves-forsvaret. Diogo Dalot fann Bryan Mbeumo som kunne trille ballen i tomt mål.
Etter 62 minutt serverte Bruno Fernandes til Mason Mount som enkelt breisida inn 1-3 frå fem meter.
Åtte minutt før slutt blei Bruno Fernandes tomålsscorar frå straffemerket.
Dermed er United med i kampen om Europa-plassane neste sesong.
Medan Wolverhampton framleis er fortapt sist på tabellen med to poeng etter 15 serierundar. |
Publisert: 23:41 08-12-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 08-12-2025 klokken 23:41. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/united-herja-med-wolverhampton---med-i-kampen-om-europa-plassane-1.17684413 Artikkelen har til nå hatt 11 visninger og 0 klikk.
|
|
|