|
|
Storhamar seriemeistrar etter storsiger Storhamar sikra seg torsdag tittelen som seriemeistrar i ishockey. Det blei klart etter 5–0-siger over Lørenskog.
Det første målet kom etter sju minutt på isen. Austin Cangelosi sette leiarmålet på ein keeperretur. Ti sekund etter dobla Martin Rønnild leiinga.
David Aas-Larsen og Isac Skedung sette kvart sitt mål i mellomperioden. I siste periode sette Stefan Espeland inn det femte målet.
Grunnserien i EHL blir avslutta på laurdag, men Storhamar starta dagen med ei luke på tre poeng til Vålerenga og er framfor Oslo-laget før innbyrdes oppgjer.
Storhamar blir seriemeistrar for tredje året på rad. Dei har også vore noregsmeistrar dei siste to sesongane. |
Publisert: 19:43 26-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 26-02-2026 klokken 21:46. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/storhamar-seriemeistrar-etter-storsiger--1.17787061 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 0 klikk.
|
|
|