|
|
Gakpo vart helten på overtid etter raudt kort og straffedrama Privatlandskampen mellom Nederland og Usbekistan fekk ei svært hendingsrik avslutning og enda til slutt med 2–1-siger til Nederland.
Nederland tok leiinga etter ein dryg halvtime då Cody Gakpo skåra på straffespark. Etter 67 minutt vart heimelaget tvinga til eit keeperbyte då Bart Verbruggen måtte gå av med ein skade, og Mark Flekken kom inn.
Kampen endra karakter tre minutt før full tid då Nederlands innbytar, Guus Til, fekk direkte raudt kort for ei hands utanfor 16-meteren. Usbekistan utnytta overtalet, og eitt minutt inn i tilleggstida utlikna innbytar Igor Sergeev til 1–1.
Sju minutt på overtid fekk derimot Nederland eit nytt straffespark. Gakpo sette inn sitt andre mål for kvelden og avgjorde kampen til 2–1. Dei usbekiske spelarane protesterte og meinte at Gakpo stansa opp i tilløpet, men dommaren lét målet stå. |
Publisert: 20:54 08-06-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 08-06-2026 klokken 23:02. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/gakpo-vart-helten-pa-overtid-etter-raudt-kort-og-straffedrama-1.17913203 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|