|
|
Olise herja med hattrick – Frankrike vann VM-generalprøve Michael Olise kom med eit skremmeskot før han i slutten av juni blir Noreg-motstandar i VM. Bayern München-stjerna skåra hattrick då Frankrike vann 3-1 over Nord-Irland i generalprøven før VM.
Treningskampen, som blei spelt i den franke byen Lille, starta trått for begge lag, men på slutten av første omgang tok Noregs VM-motstandar leiinga.
Ousmane Dembélé skaut mot mål, men blei blokkert. På returen tok Michael Olise ballen og skåra for Frankrike.
I starten av andre omgang skåra same mann for Frankrike.
64 minutt var spelt då Nord-Irland tente håpet. Patrick Kelly skåra sitt første mål for Nord-Irland.
Dryge ti minutt etter viste Olise at han er i målform. Frå hjørnet av sekstenmeteren skaut han ballen inn i motsett hjørne.
Kampen enda 3-1 til Frankrike.
Det er berre nokre dagar sidan Frankrike gjekk på eit sjokktap mot Elfenbeinskysten.
Frankrike er i gruppe I, som er same gruppe som Noreg. Laga møtest 26. juni. |
Publisert: 21:03 08-06-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 09-06-2026 klokken 00:17. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/olise-herja-med-hattrick-_-frankrike-vann-vm-generalprove-1.17913185 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|