|
|
Kombinert-skjebnen i OL utsett: – Største feilen var å ta tre gull Framtida for kombinert i OL skulle eigentleg bli bestemt i dag under IOC sitt møte i Sveits, men no er avgjersla utsett til juli.
Det er beskjeden renndirektør Lasse Ottesen i FIS har fått.
– Eg ser på situasjonen som positiv. Heilt ærleg har vi gjort jobben vi fekk beskjed om av IOC og spesielt med utviklinga av damekombinert, seier han til NRK.
Kvinnene fekk ikkje delta under vinterens OL i Milano-Cortina. Diskusjonen i IOC har vore om ein skal ta inn kvinnene i OL om fire år eller fjerne kombinert fullstendig frå OL-programmet.
– Vi ventar veldig spent. Vi har gjort alt vi kan i vår makt både kommersielt og i idretten. Det vil vere uforståeleg om vi skal falle ut av OL-programmet, svarar sportssjef for kombinert, Ivar Stuan til NRK.
– Den største feilen vi har gjort er at vi tok tre gull i Italia, seier Stuan litt spøkefullt.
Ein del av kritikken har nemleg vore at for få nasjonar hevdar seg i medaljekampen. Han vel likevel å vere optimist.
– Trur det går, men vi veit ikkje noko. |
Publisert: 12:06 24-06-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 24-06-2026 klokken 15:18. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/kombinert-skjebnen-i-ol-utsett_-_-storste-feilen-var-a-ta-tre-gull-1.17933694 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 0 klikk.
|
|
|