|
|
Tapte leiinga på tampen – enda med norsk bronse Dei norske orienteringsløparane enda opp med bronse på laurdagens blanda sprintstafett i VM.
Det norske laget sikra den siste pallplassen etter at ankerkvinne Pia Young Vik måtte sjå seg slått av både Sveits og Sverige heilt på tampen av løpet.
Noreg var med i teten heilt frå start då Victoria Hæstad Bjørnstad sprang inn til ein god tredjeplass på den første etappen.
Etter eit mindre tidstap innleiingsvis på den andre etappen, henta Eirik Langedal Breivik inn att det tapte med eit sterkt løp og sende Noreg opp i leiinga.
Kasper Harlem Fosser heldt fram i eit høgt tempo og gav Young Vik ei luke på eit halvminutt ut på sisteetappe.
– Eg hadde lova Pia 45 sekunds leiing ut på sisteetappe. No gav eg henne berre 30 sekund, og då vart det litt for tøft, sa Kasper Fosser etter løpet.
I den steikande sommarvarmen vart Sveits og Sverige for sterke, men bronsemedaljen gjer at Pia Young Vik blir den einaste utøvaren som tek medalje i alle øvingar i meisterskapen. Medaljen kom på den aller siste dagen av VM i Genova.
Pallplasseringar:
1. Sveits: 1.03.14,9
2. Sverige: 1.03.35,0
3. Noreg: 1.03.53,5 |
Publisert: 14:43 11-07-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 11-07-2026 klokken 17:39. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/tapte-leiinga-pa-tampen-_-enda-med-norsk-bronse-1.17955236 Artikkelen har til nå hatt 8 visninger og 0 klikk.
|
|
|