|
|
Viking snubla i Ålesund – må nøye seg med eitt poeng På Color Line Stadion var det Viking som opna best. Allereie etter fire minutt var gjestene millimeter frå å ta leiinga, før første omgang utvikla seg til ein sjanserik affære med moglegheiter i begge endar.
Aalesund spelte seg etter kvart inn i kampen. Heimelaget pressa Viking tilbake på eiga banehalvdel og skapte fleire store sjansar, utan hell.
Viking måtte klare seg utan både Zlatko Tripic og Henrik Heggheim, som sona suspensjon. Likevel var det siddisane som tok leiinga.
Rett før pause fekk Viking frispark like utanfor 16-meteren til heimelaget. Kristoffer Askildsen sørga for scoring då han banka ballen heilt opp i det lengste krysset.
Heimelaget svarte derimot momentant i andre omgang. Etter eit halvt minutt spelt dundra Mathias Christensen til på volley frå rundt 30 meter, og ballen susa i mål til 1–1.
Den andre omgangen heldt fram i same spor, med store sjansar til begge lag. Ingen av laga klarte å finne det avgjerande målet, og oppgjeret enda med poengdeling.
Viking ligg dermed på ein andreplass på tabellen, med ein færre kamp spelt enn tabelleiar Bodø/Glimt. |
Publisert: 19:08 26-07-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 26-07-2026 klokken 21:34. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/viking-snubla-i-alesund-_-ma-noye-seg-med-eitt-poeng-1.17969718 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|