|
|
OL-elden tent i Hellas OL-elden vart tend i Olympia i Hellas, og no startar turen til vinter-OL i Beijing i februar.
Dei 24. vinterleikane i den kinesiske hovudstaden går frå 4. til 20. februar neste år.
OL-elden vart tend med ei lupe og av sollyset under den tradisjonelle seremonien, men på grunn av koronapandemien vil det ikkje vere nokon vanleg fakkelstafett denne gongen.
I staden vil tre løparar ha kortare løp med flammen på veg til Akropolis i Aten der den vil vere over natta.
Tysdag vil den kinesiske organisasjonskomiteen få overrekt flammen under ein seremoni på Panathenaic stadion som vart brukt til sommarleikane i både 1896 og 2004.
Utanfor området hadde demonstrantar møtt opp med tibetanske flagg for å protestere mot Kinas handtering av Tibet. |
Publisert: 09:37 18-10-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 18-10-2021 klokken 12:13. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ol-elden-tent-i-hellas-1.15693802 Artikkelen har til nå hatt 117 visninger og 4 klikk.
|
|
|