|
|
Norsk sykkeltalent inn til historisk VM-medalje Norske Oda Aune Gissinger (18) gjorde eit råsterkt temporitt og tok bronsemedaljen i Junior-VM i Eritrea tysdag.
Nederlandske Megan Arens tok eit overlegent gull, medan spanske Paula Ostiz Taco tok andreplassen.
Gissinger kom på tredjeplass, berre to sekund bak sølvvinnaren.
– Ein historisk norsk medalje. Me har aldri tatt medalje i temporitt for junior kvinner tidlegare, seier TV2s kommentator Christian Paasche.
Junior-VM i Afrika er 18-åringens fyrste meisterskap for Noreg. Malvik-jenta byrja ikkje å sykle før i fjor, skriv TV 2. Sidan har sykkelkarrieren skote fart.
Tidlegare denne sesongen blei ho juniornoregsmeister både i tempo og på landeveg. |
Publisert: 10:43 23-09-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 23-09-2025 klokken 13:24. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/norsk-sykkeltalent-inn-til-historisk-vm-medalje--1.17582210 Artikkelen har til nå hatt 31 visninger og 0 klikk.
|
|
|