|
|
Toppseriekaptein legg opp som 26-åring Marte Hjelmhaug (26) legg opp etter sesongen, det bekreftar LSK Kvinner på eigne nettsider.
Hjelmhaug legg opp etter 9,5 år i toppfotballen.
– Det kjem til å bli veldig spesielt. Eg kjenner allereie på at det blir både vemodig og fint på same tid, seier Hjelmhaug.
26-åringen legg tre år i LSK Kvinner bak seg. Før dei to siste kampane i sesongen, står forsvarsspelaren med 73 offisielle kampar for klubben.
– Det er ikkje noko dramatikk i valet. Det har vore ein krevjande avgjerd, men eg har kjend ein stund at tida er inne. Fotballen har vore enormt stor del av livet mitt, legg Hjelmhaug til.
Ho fortel at ho skal starte i ny jobb etter nyttår.
– Marte har vore veldig viktig bidragsytar både på og utanfor banen under si tid hjå oss, skriv klubben. |
Publisert: 17:03 06-11-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 06-11-2025 klokken 18:11. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/toppseriekaptein-legg-opp-som-26-aring-1.17642846 Artikkelen har til nå hatt 6 visninger og 1 klikk.
|
|
|