|
|
Viktor Thorup sjokkerte i skøytefinalen – tok Danmarks første medalje i vinter-OL på 28 år Nederlandske Jorrit Bergsma og danske Viktor Hald Thorup gjekk offensivt til verks og skaffa seg ei luke tidleg i finalen i skøyte-fellestarten i OL.
Duoen heldt heilt inn, og sjølv om Bergsma tok gullet, var gleda kanskje aller størst hos Thorup.
Dansken tok ein historisk sølvmedalje. Dette er Danmark sin første vinter-OL-medalje sidan 1998, og den andre totalt i historien.
I Nagano for 28 år sidan tok det danske kvinnelaget i curling sølv.
Bak i hovudfeltet var det lita vilje til å ta opp jakta, noko som sikra tetduoen eit avgjerande forsprang.
Italienske Andrea Giovannini vann spurten om bronsen, medan storfavoritt Jordan Stolz måtte nøye seg med fjerdeplass.
– Alle tenkte at eg skulle hente det inn. Men då har eg ikkje sjanse til å vinne. Så det blei ein kamp om bronsemedaljen, seier Jordan Stolz til NRK etter løpet. |
Publisert: 15:49 21-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 21-02-2026 klokken 17:31. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/viktor-thorup-sjokkerte-i-skoytefinalen-_-tok-danmarks-forste-medalje-i-vinter-ol-pa-28-ar-1.17780039 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|