|
|
Hylla avdød lagkamerat etter sigeren – familien rørt til tårer USA slo favoritt Canada i ein nervepirrande OL-finale i ishockey, og kunne juble for sitt første OL-gull på 46 år.
Etter kampen drog dei fram ei drakt, som ein gong tilhørte avdød lagkompis Johnny Gaudreau.
Gaudreau blei påkjørt og drept hausten 2024. Bilføraren har i etterkant innrømma at han køyrde i rus.
Familien til den tidlegare NHL-proffen var til stades då USA vann. Dei blei tydeleg rørt av gesten.
Etter 1-1-stilling og tre jamne periodar, skåra til slutt Jack Hughes i speleforlegninga.
– Dette er det beste kampen eg har sett noko gong, sa VGs ekspert Erik Follestad.
Også VIF-profil Jørgen Karterud i NRKs OL-studio var imponert:
– Sinnssjukt nivå. Eg trur aldri eg har sett eit slikt nivå nokon gong.
Det er 12 år sidan Canadas førre gull, medan USA har venta heilt sidan 1980. |
Publisert: 15:52 22-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 22-02-2026 klokken 17:45. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/hylla-avdod-lagkamerat-etter-sigeren-_-familien-rort-til-tarer-1.17780710 Artikkelen har til nå hatt 6 visninger og 0 klikk.
|
|
|