|
|
To Strøm på pallen i hopp OL-gullvinnar Anna Odine Strøm var også sterkast under hopp-NM i stor bakke i Holmenkollen.
Strøm vann rennet, medan Gyda Westvold Hansen tok andreplassen og Heidi Dyhre Traaserud to tredjeplassen.
– Det blir mykje medaljar. Eg må finne ut kor eg skal ha dei, seier Strøm til NRK etter å tatt NM-gull.
I herreklassa hoppa veslebror Jørgen Oliver Strøm. Han hoppa inn til ein tredjeplass.
– Morosamt å sjå. Det var ein bra førsteomgang, men han har noko å jobbe med, seier storesøster Strøm om veslebror Strøm.
Benjamin Østvold vann NM-gull, og Oddvar Gunnerud blei nummer to.
Dei største favorittane hoppa ikkje så langt i første omgang, Kristoffer Eriksen Sundal fekk 114 meter. I finaleomgangen hoppa han 126,5 meter. Det heldt til ein fjerdeplass. |
Publisert: 19:38 25-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 25-02-2026 klokken 21:31. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/to-strom-pa-pallen-i-hopp-1.17785362 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 0 klikk.
|
|
|