|
|
Draumerekke broten for Jesper Saltvik Pedersen – pallen glapp Jesper Saltvik Pedersen måtte gi alt inn i slalåmdelen under dagens superkombinasjon i alpint i Cortina. Det heldt på å gå gale.
Etter den første omgangen låg nordmannen 2,23 sekund bak og måtte verkeleg løfte seg skulle han klare pallen.
– Det er sånne feil du ikkje har råd til å gjere, sa NRK-kommentator Hans Solbakken om Pedersen.
Han stoppa nesten opp i løypa og klarte ikkje å klatre opp frå fjerdeplassen han hadde etter super-G omgangen tidlegare i dag.
Jesper Saltvik Pedersen hadde tatt medalje i sju strake Paralympics-renn før tysdagens fjerdeplass.
Den historiske rekka strakk seg frå utforrennet i Beijing 5. mars 2022 og til måndagens super-G i Cortina. Førre gong før det han ikkje var på pallen i Paralympics var slalåmrennet i Jeongseon 17. mars 2018, då han blei nummer fem.
Igjen måtte Jesper Saltvik Pedersen gi tapt for nederlandske Jeroen Kampschreur, som vann løpet.
Det same skjedde under måndagens super-G, då det vart sølv.
Nordmannen har lenge kjempe i toppen med dagens sigerherre.
– Nei, eg visste jo vi måtte gønne etter utgangspunktet frå super-G. Eg prøvde alt eg hadde, men hadde ein feil på same stad der Magnus køyrde ut, som kosta ein del fart ut på flata. Også er det jo sinnssjukt høgt nivå på dei tre som er på pallen i dag. All ære til dei også får vi sett premieutdelingen frå ein annan vinkel.
Magnus Valø Balchen tapte mykje tid og låg på 13. plass før den siste omgangen. Men det var i slalåmomgangen han skulle vi kva han var god for.
Men han vart for ivrig å køyrde ut i finaleomgangen.
– Eg gjekk berre rett inn i ein dobbel. Det var litt meir sving etter flata enn eg trudde. Sånn er det, sa Balchen etter løpet. |
Publisert: 13:49 10-03-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 10-03-2026 klokken 15:06. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/draumerekke-broten-for-jesper-saltvik-pedersen-_-pallen-glapp-1.17802414 Artikkelen har til nå hatt 6 visninger og 0 klikk.
|
|
|