|
|
Kane og Diaz straffa Real Madrid – gav Bayern draumeutgangspunkt i kvartfinalen i Meisterligaen Bayern München sjokkerte Real Madrid på bortebane i den første kvartfinalen i Meisterligaen tysdag.
Tyskarane dominerte frå start, og etter 41 minutt trilla Luis Díaz inn 0–1.
Etter pausen trengte Harry Kane berre 20 sekund for å doble leiinga. Han skåra frå 20 meter. No står engelskmannen med 49 mål på 41 kampar denne sesongen.
Det mestvinnande laget i turneringas historie måtte ta seg saman for å vere med i kampen om ein semifinale i Meisterligaen.
Etter 70 minutt klarte Kylian Mbappé endeleg å skåre for heimelaget. Han var nådelaus då han fekk sjansen han hadde venta på i over ein time. Han sette inn 1-2.
Trass i at heimelaget vakna mot slutten, heldt Bayern München ut. Dermed har det tyske storlaget eit svært godt utgangspunkt før returoppgjeret i München. |
Publisert: 20:53 07-04-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 07-04-2026 klokken 23:41. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/kane-og-diaz-straffa-real-madrid-_-gav-bayern-draumeutgangspunkt-i-kvartfinalen-i-meisterligaen-1.17837803 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|