|
|
Noregs stafettlag klare for friidretts-VM – tok norsk rekord Henriette Jæger kunne ta det norske laget lett vidare til finale i stafett-VM. Det norske laget sprang inn til tida 3.22.78, og tok ny norsk rekord på 4*400 meter stafett laurdag.
Dei tok også andreplassen i det siste heatet i kvalifiseringa til finalen i Botswana, og tok med det også den andre beste tida i kvalifiseringa.
Berre slått av Storbritannia som sprang på tida 3.21.28. Canada var tredje best med tida 3.23.53
Det norske rekordlaget bestod av Josefine Tomine Eriksen Aks, Amalie Iuel, Lakeri Ertzgaard og Henriette Jæger.
Aks starta sterkt og kunne veksle som nummer tre med Iuel, som sprang som nummer to store delar av sin etappe. Både Ertzgaard og Jæger heldt andreplassen.
Også ein billett til VM i friidrett i Beijing i 2027 sto på spel under stafett-VM i Botswana. Dei to beste laga i kvart kvalifiseringsheat får ein plass i meisterskapet.
Finalen i stafett-VM går søndag. |
Publisert: 16:36 02-05-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 02-05-2026 klokken 16:36. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/noregs-stafettlag-klare-for-friidretts-vm-_-tok-norsk-rekord--1.17869058 Artikkelen har til nå hatt 6 visninger og 0 klikk.
|
|
|