|
|
Haaland assisterte draumemål då Manchester City vann FA-cup finalen På fotballens nasjonaldag her i Noreg var det duka for FA-cup finale i England mellom Chelsea og Manchester City.
Erling Braut Haaland heldt på å straffe Chelsea midt i den første omgangen då han rappa ballen på kanten av 16-meteren. Men vinkelen vart for spiss og skotet gjekk til side for mål.
Like etter spelte Matheus Nunes nordmannen på blank kasse og Haaland hadde få problem med å score, men førstnemnde var i offside i situasjonen før.
Elles var den første timen ein sjansefattig affære. Og det måtte noko heilt spesielt til for å få ballen lovleg i nettmaskene.
Etter 72 minutt blir Haaland spelt gjennom på kanten av 16-meteren. Han slår hardt inn langs bakken. Inne framfor mål hælsparkar Antoine Semenyo innlegget lekkert bort i lengste hjørnet. 1–0.
I dei etterfølgande minutta bølgar kampen fram og tilbake, der Chelsea er nærme på eit innlegg. Men ingen av laga klarar å få ein ny ball i nota. Manchester City vinn kampen 1–0 og tek sitt åttande FA-cup trofé i historia. |
Publisert: 19:28 16-05-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 16-05-2026 klokken 19:28. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/haaland-assisterte-draumemal-da-manchester-city-vann-fa-cup-finalen-1.17886354 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|