|
|
Solbakken antydar Ødegaard-comeback: – Ikkje noko problem – Det er ikkje noko problem, seier landslagssjef Ståle Solbakken på pressekonferansen før søndagens treningskamp mot Marokko.
Søndagens kamå er ein av dei siste testane før fotball-VM byrjar. Det kan også bli Martin Ødegaard sin første landskamp sidan 9. september.
Ødegaard spelte frå start då dei slo Moldova 11-1. Landslagskapteinen har berre spelt seks av dei siste 17 kampane for Noreg.
Han har den siste tida slitt med skader, men Solbakken fortel at han er i form.
– Får det norske folk sjå Ødegaard mot Marokko på fjernsynet?
– Viss fjernsynet verkar, så, svarar Solbakken.
Også Alexander Sørloth møtte pressa i forkant av kampen. Han ser fram mot å spele med lagkompisen.
– Eg bryjar å smile av å tenkjer på det. Det er godt å ha Martin tilbake, ein fantastisk fotballspelar. Han er ein relasjonsspelar som gjer medspelarane sine gode. Det er veldig fint å ha han tilbake, og me har hatt veldig gode kampar saman på den høgresida. Så eg ser fram til det, seier Sørloth. |
Publisert: 14:39 06-06-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 06-06-2026 klokken 16:43. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/solbakken-antydar-odegaard-comeback_-_-ikkje-noko-problem-1.17911025 Artikkelen har til nå hatt 6 visninger og 1 klikk.
|
|
|