|
|
Reagerer på politi-velkomst: – Surrealistisk For eitt døgn sidan landa det norske herrelandslaget i Dallas for å spele 16.-delsfinale mot Elfenbeinskysten tysdag kveld. Då laget landa på flyplassen fekk dei ein spesiell velkomst.
– Det er jo surrealistisk dei greiene der, seier landslagssjef Ståle Solbakken til NRK.
På rullebanen sat det nemleg seksten politimenn og «rodde». No går den norske feiringa verda rundt.
Solbakken fortel at han sjølv ikkje såg velkomsten, fordi han sat på den andre sida av flyet, men at han har fått med seg det som skjedde.
– Han har vel tatt noko patent han som har funne opp dei greiene der. Det er «well done», fortset Solbakken som møtte pressa måndag kveld norsk tid.
Landslagssjefen møtte pressa før tysdagens 16.-delsfinale mot Elfenbeinskysten.
Måndag kveld vann Brasil over Japan. Det betyr at Noreg møter Brasil dersom dei vinn over Elfenbeinskysten i morgon. |
Publisert: 19:33 29-06-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 29-06-2026 klokken 21:50. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/reagerer-pa-politi-velkomst_-_-surrealistisk-1.17941027 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|