|
|
Noregs raskaste har talt: Fremstad-Waldron og Rønningen tok NM-gull Under opningsdagen av NM i Friidrett i Trondheim var det knytt stor spenning til sprintduellen og kven som eigentleg er Noreg sin raskaste mann.
Feltet låg jamt ute frå startblokkene ein liten stund, men halvvegs i løpet sette Per Tinius Fremstad-Waldron inn eit ekstra gir, og tok sigeren med tida 10,35 på 100-meteren. Like bak kom Salum Ageze Kashafali inn på tida
– Målet for denne sesongen er å kvalifisere til EM, så det er viktig å få ein god tid her, sa Fremstad-Waldron til NRK etter løpet.
På kvinnenes 100 meter var det Helene Rønningen som stakk av med sigeren på tida 11,57. Dette er hennar fjerde NM-gull på distansen. Ein ekstra sterk opptur etter eit år ho sjølve har beskrive som brutalt.
– Veldig deilig! Eg er veldig stolt over meg sjølv og at eg klarer å gjennomføre det veldig greitt, med tanke på at eg hadde ein elendig start, sa Rønningen til NRK
Under Noregsmeisterskapen i fjor pådrog ho seg to beinbrot, då ho slengde seg over målstreken.
– Korleis er det å få til dette her, når vi har det som skjedde i fjor friskt i minne?
– Eg føler meg sterkt mentalt som klarer å kome tilbake igjen, sidan det blei såpass mykje trøbbel etterpå. Så eg er veldig stolt over at eg har kome i såpass god form og vinnar her i dag. |
Publisert: 18:16 23-07-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 23-07-2026 klokken 21:20. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/noregs-raskaste-har-talt_-fremstad-waldron-og-ronningen-tok-nm-gull-1.17967526 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|