|
|
Jæger inn til 2. plass i Diamond League-finalen Henriette Jæger sprang inn på tida 49.20 i Diamond League-finalen på 400 meter i Brussel laurdag. Ho sikra seg med det ein 2.-plass bak Marileidy Paulino som vann finalen med tida 48.64.
– Nok eit topp, topp løp av Jæger, sa NRK-kommentator Jann Post.
Nickisha Pryce tok 3.-plass med tida 49.36.
– Det var veldig gøy. Ein andreplass i Diamond League-finalen, så eg byrjar å klatre oppover, sa Jæger til NRK etter målgang.
Jæger jakta å bli første norske kvinne til å vinne finalen i Diamond League og blir den første norske kvinne til å springe under 48 sekund.
– Eg opnar hardt. Det er ei god tid, eg er fornøgd. Det hadde sjølvsagt vore gøy å sjå 48-talet ein gang, men det er veldig nære.
Jæger toppar europarankinga på distansen og har tidlegare i sesongen vunne to Diamond League-løp (Bislett Games og Roma).
Jæger knuste alle konkurrentar og tok gull på 400 meter under EM i Birmingham i starten av august. Klokka stansa på 49.04 som var ny norsk rekord på distansen og ei forbetring av eigen rekord med 11 hundredelar.
Ultimate Championship arrangerast i Budapest neste veker. Der skal mange av verdas beste samlast igjen.
– Det blir noko nytt som eg aldri har vore med på før. Det er eit spanande konsept. |
Publisert: 18:07 05-09-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 05-09-2026 klokken 21:29. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/jaeger-inn-til-2.-plass-i-diamond-league-finalen-1.18015561 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 1 klikk.
|
|
|