|
|
15-åring redda poeng for Vålerenga Vålerenga har vore i hardt vær etter at klubben tidlegare i veka selde kaptein Henrik Bjørdal til Viking på tampen av «Deadline Day».
På overtid borte mot Sarpsborg 08 redda 15 år gamle Gabriel Rajkovic poeng for Oslo-laget etter å ha lege under 2–0 i store delar av kampen.
– Utruleg deilig kjensle etter å ha jobba hardt for å kome tilbake frå 2–0 der. Eg får ein ekstra god kjensle når ballen går inn i nettet. Vi viser til supporterane våre at vi kan klare kome tilbake, sa Rajkovic til NRK etter kampen.
Claus Niyukuri tok heimelaget først opp til 1-0, før innbytar Sondre Sørli på eit frispark frå 17 meter dobla til 2–0 i andre omgang.
Minutta seinare reduserte hovudstadslaget først ved Petter Strand før 15-åringen utlikna til 2-2. |
Publisert: 16:55 06-09-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 07-09-2026 klokken 17:10. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/15-aring-redda-poeng-for-valerenga_-1.18016082 Artikkelen har til nå hatt 7 visninger og 1 klikk.
|
|
|