|
|
Sogndal Fotball: Styret stiller plassane sine til disposisjon Styret i Sogndal Fotball IL har vedteke å stille plassane sine til disposisjon og kallar inn til ekstraordinært årsmøte 22. september, det opplyser kommunikasjonsansvarleg, Mats Birkelund
Ifølgje innkallinga er avgjerda teken av omsyn til klubben og for å leggje til rette for ein god prosess vidare.
Styret meiner eit skifte bør gjennomførast så raskt som mogleg, slik at eit nytt styre får tid til å kome inn i arbeidet og stake ut kursen framover.
Det sitjande styret opplyser at det vil bidra til ei ryddig og god overføring av ansvar.
Dei siste månadane har klubben vore prega av uro. I sommar vart det kjent at fleire spelarar hadde levert bekymringsmeldingar om hovudtrenar Luis Pimenta. Måndag opplyste klubben at arbeidsforholdet med trenaren er avslutta. |
Publisert: 08:08 08-09-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 08-09-2026 klokken 10:36. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/vestland/sogndal-fotball_-styret-stiller-plassane-sine-til-disposisjon-1.18017622 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 1 klikk.
|
|
|