|
|
Glimt-smell i Bergen Først sende Kristall Ingason bergensarane til himmels ved å ta Brann opp til 2–1 mot serieleiar Bodø/Glimt, så vart han sendt rett i garderoben etter å ha takla Glimts Patrick Berg stygt.
– Raudt kort sju dagar i veka, sa Jesper Mathisen på TV 2 si sending.
Trass massivt Glimt-press på tampen klarte Branns ti menn å stå i mot.
Brann sin haustsesong som har vore like grå som haustvêret i Bergen vart nok hakke lysare etter sigeren og tre poeng mot serieleiaren frå nord.
Gultrøyene tok føringa i Bergen etter eit kvarter. Jens Petter Hauge fann Andreas Helmersen inne i feltet som putta sitt 11 mål for sesongen.
Eggert Aron Gudmundsson og Brann svarte like etterpå. Islendingen fekk plassert ballen i venstre hjørne frå 16 meter.
Før Kristall Ingason sette fyr i bergenspublikumet då han tok Brann opp til 2–1.
Glimts tap gjere at dei no står likt med Viking med like mange poeng og same målforskjell. |
Publisert: 19:10 20-09-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 20-09-2026 klokken 21:45. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/glimt-smell-i-bergen-1.18030876 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|